Vår første hund, ein omplasserings hund. Blanding av golden og border fikk vi i 2001. Litt tilfeldigheter gjorde att vi traff litt lydighets folk, begynte med LP trening og starta også å konkurrere med ganske bra resultater.
Med denne hunden så var eg sikker, vår neste skulle vera ein reinrasa. Skulle ikkje vera hunden som var begrensing kor langt vi kunne nå.
Med allergi i heimen, så kunne det ikkje bli ein border, så med litt grubling så var vi inne på tanken om kongepuddel og portugisisk, spansk visste vi ikkje om. Etter noke leiting og søk fant vi noke som dei kalla spansk vannhund, var på besøk hos ein oppdretter og fant ut att dette kunne vera hunden for oss.
Etter noke søk på internett så havna vi på kennel Corazoncito, og var så heldig å få ein valp derifra i 2013. Ein herleg valp, Xara.
Starta tidleg med LP trening, og starta eit par konkuranser i kl1. LP var ikkje noke for Xara da ho lagde litt lyd og trivdes ikkje i fellesdekk.
Litt tilfeldigheter igjen så blei vi presentert for agility, noke eg egentlig aldri skulle starte med. Skulle ikkje ha ein hund som sprang rundt og lagde masse lyd, men der er vi i dag. Er kanskje blant dei som er mest høylytte. Både hund og fører.